Startside

Ei viktig drivkraft for å lukkast i fartøyvern, er at båtane vert brukte.

 

Eit av dei viktigaste søknadskriteria for

Trebaatfondet vil vere at båtane er i aktiv bruk, og at støtta vil gjere bruken av båten betre og tryggare.

 

Vern igjennom bruk er eit viktig prinsipp. Dette er bra både for båten, maskineri og utstyr, og ikkje minst rekruttering og det sosiale rundt båten.

 

Det at båtane vert brukte til lengre og kortare turar er med på å skape miljø, kompetanse og meistringsfølelse for alle som er involverte.

 

Fartøyvern er ein aktivitet som passar for alle. Unge og gamle, kvinner og menn.

Det finnast alltid ei oppgåve for dei ulike.

 

 

Trebaatfondet er oppretta av tidlegare Ullaholm Båtklubb.

 

Klubben har sidan skipinga i 2003 dreve restaurering og vern av fiskeskøyta Ullaholm. Ei 72 fots svenskeskøyte bygd i eik i 1935 i Marstrand Sverige.

 

Båten var tilhøyrande på Karmøy (Spannholm) og på Haramsøya (Ullaholm) når den var i aktiv drift.

 

I 2017 vart båten tilbakeført til familia som eigde båten på Haramsøya, og alle aktiva i Ullahom Båtklubb er sett inn i Trebaatfondet.

 

Vedtekter for fondet:

 

Fondet skal støtte vern, restaurering og drift av tre - og veteranbåtar, samt jobbe for å styrke det kysthistoriske miljøet.

Restaurering av tre og veteranbåtar er ein møysomeleg prosess. Dette krev innsats, uthaldenheit, engasjement og økonomi.

 

Mange prosjekt strandar, men mange viser igjennom sine suksesshistorier at det er mogleg å få til.

 

Det viktigaste er ei kjærne av engasjerte eldskjeler som klarer å sammarbeide.

 

Det er ulike støtteordningar for fartøyvern i Norge, Riksantikvare, Norsk Kulturråd, Fylka, fond og stiftingar.

 

Trebaatfondet har valt å fokusere på dei som ikkje kjem inn under dei offentlege støtteordningane.

 

Det er viktig å ha eit mangfald i fartøyvern miljøet som også inkluderer dei som ikkje kjem under dei store ordningane.

 

Er det eit sterkt engasjement rundt eit fartøy, vil ein klare og vere kreativ i måten ein driftar fartøyet. Dette vil Trebaatfondet vere med på.

(c) Trebaatfondet 2017

Copyright @ All Rights Reserved